Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Eg kan ikkje bli med på gravferda i dag, men er med dykk i tankane, og minnest Ellen med stor glede og takksemd.
«I livet er slik sorg, at der er nog fyr song.»
Varme tankar til familien. Ta vare på gode minne og kvarandre!
🌿Takk for mange fine augneblinkar og kvedarstunder i lag med deg kjære Ellen. Du var så fri, livsglad og dyktig formidlar! Full av livsmot, energi og Tilstades. Du elska naturen, folkemusikken og var så engasjert på tvers av generasjonar. Når eg vart vaksen snakka me mykje om tradisjonar, formidling, Vågå og Telemark, det grøne skiftet, naturen og bærekraftig utvikling.
🌿Du har sådd mange frø rundt deg og stått på, slik at nye generasjonar skulle få oppleve songen, folkemusikken og dansen som du elska. Kjem alltid til å ta deg med i hjarta vidare på min veg!
❤️Takk for alle morosame kvedarstunder. Kvil i fred kjære vakre Ellen. Du står fjellstøtt i minnet til så mange. Du trør springartakt inn i himmelen. Lyser fred over ditt gode minne.