I dag tar vi avskjed med Astrid.
Så er det jo slik at dødsannonser kan komme til å avsløre noen ukjente mellom navn. I Astrids tilfelle er det Norhild, et navn ho helst ikke brukte.
Men det holder fint med bare Astrid.
Født på Haugen i Skafså, noen få hundre meter fra oss nå
Foreldre var Olav og Elly.
Astrid vokste opp på småbruket Haugen med søskna Arne Dag, (født i 1947), Solveig (i 1950) og Steinar (i 1955). Der hadde ho mange gode minner og historier om tida med dyra og gårdsarbeid. Det var hest, høner, gris og kyr. Det var alltid mykje god mat på bordet, melk, fløte og smør hadde dei fra egne dyr og dei gjekk aldri sultne til sengs. Men det var også mykje arbeid på gården. Alle hadde sine oppgaver og Astrid snakka mykje om slåttonna og hesjinga, som var fast takst kvar sommer. Heile familien var med, sommaren gjekk med til gardsarbeid, og ungane blei sterke og solbrune.
Astrid gikk først på skule i Nordbygdi og så på Dalen. Da var ho kjapp til å springe opp og ned Skafsåberget, det var ikkje noko grunn til å vente på bussen.
Etter ungdomsskulen jobba ho eit år som barnepike hos familien Fossli, før ho hadde eit år på Husmorskulen i Seljord.
Sikkert ein god bakgrunn når ho fortsatte som barnepike hos familien Fossli på Dalen.
Ein dag kom det ein raud MG kjørende forbi. Det var Kjell. Han kjørte henne heim til Haugen i Skafså, og falt pladask for denne flotte jenta, med dei lange brune beina, kjapp i replikken og som kunne slenge seg opp på hesteryggen og galoppere bortover jordene, god til å kjøre traktor var ho også 😊
Astrid lot seg sjarmere av denne guten fra Dalen og ikkje lenge etterpå gifta dei seg og hadde fest på hotellet i Vråliosen. Nils Olav kom til i 1970.
Først budde den lille familien i Åslandsreinane, før de flytta ned til Lio i 1975.
I 1973 kom Aud Elin og May Lene kom i 1975. Da minstejenta starta på skulen, ville Astrid tene egne pengar og fekk seg arbeid på Samvirkelaget. Astrid jobba der fast fra 1982.
Dere ungene minnes ei mor som tidlig var yrkesaktiv, mens mange andre mødre var heimeværende.
Jobb og kontakt med folk var viktig for Astrid, som var eit naturlig midtpunkt for familien og venner og alle dei daglege kundane på jobben.
Astrid var glad i å lage mat, ho kunne det meste om matlaging, laga alt fra bunnen av. I hagen på Lio var det alltid mykje arbeid med å dyrke poteter, all slags grønsaker, bær og frukt. Det var sylting og safting på høsten og aldri fekk borna smake saft eller syltetøy fra butikken. Alt var sjølvlaga. Heimebaka grovbrød og rundstykker var kvardagskost og kneipbrød var framandord i denne familien.
Astrid sydde egne klær til seg og borna og det var stas med matchende drakter til dei små. I alle år har Astrid elska håndarbeid og ho kunne strikke dei finaste ullgenserane og dei varmasta sokkane. Tova våttar og tova tøfler fekk alle i familien til jul og det kjem nok til å vere eit sakn for mange i framtida, vil eg tru.
Ellers var Astrid sprek og sporty, ho var opptatt av å holde seg sterk, og stadig var familien på tur i skog og hei. Det var aldri ein søndag utan fjelltur. Både sommer og vinter og alle skulle vere med uansett vær. Om det var tåke eller regn, så var det bare å kle seg godt. Borna lærte seg tidlig å gå på ski, og alle var med å samla inn ved til bålet, som både varma godt og var nødvendig for å smelte ostesmørbrøda som var med til niste.
Kvar sommar var det også viktig med lange turar der det blei høsta inn fleire bøtter med blåbær, tyttebær og multer. Astrid visste akkurat kor dei fine multeområda var og ho kom alltid heim med fulle bøtter.
I alle år var Astrid og Kjell med på Gladdansen, for Astrid var veldig glad i å danse. Borna måtte lærte seg både sving og vals, og det var Astrid og faren hennes Olav, som var lærarmesterane i stua heime. Astrid var glad i musikk, og det stod alltid mykje god contrymusikk på i stua.
Så gir jo livet noen slag, som tar på. Som å miste sine småsøsken. Først døde lillesyster Solveig i 1989 og nokre år etterpå var det lillebror Steinar, som uventa og plutselig døde i 1997. Stor sorg i familien og Astrid gjorde alt ho kunne for å hjelpe til med å få kvardagen til å gå rundt for alle og var som ein bauta for slekta si. Da huset på Lio brant ned i 1999 mista dei alt dei hadde. Men sjølv om alt av materialistiske ting var borte, så hadde ingen liv gått tapt, dei hadde fortsatt kvarandre. Etter husbrannen bygde Astrid og Kjell seg opp på nytt og hadde dei siste 20 åra på Gullkopp.
På Gullkopp hadde dei også mykje besøk av barnebarna Anna, Elodi, Edvin, Kevin og Marie. Dei hadde egne soverom der, og var mykje der i feriane. Det var også alltid heilt naturlig for Astrid å fylle huset med heile slekta i alle ferier og alle høgtider.
I 2017 måtte ho amputere begge beina, og med stahet og styrke klarte ho å ordne seg sjølv heime, med god hjelp fra Kjell og hjelpemiddelsentralen i Tokke kommune. Nok ei stor utfordring var det da Kjell døde for fem år siden. Men ho var fast bestemt på å klare seg sjøl heime. Og det gjorde ho så godt ho kunne. Ho var fortsatt sprek, og var fremdeles sjot, syntes alltid at rullestolen gikk for seint!
Så var Astrid sosial, og glad i besøk av familien og venner. Ho var som en magnet på barn, og dyr, hadde alltid hund.
Glad i å reise til utlandet, sendte både Nils Olav, Aud Elin og May Lene på språkeiser, for å gjøre dem verdensvante, opplyste og sjølstendige. Det var viktig for Astrid å vise ungane at det var meir her i livet enn det som var heime på Dalen. Ho ville at borna skulle lære seg fleire språk og få ein større forståelse for andre miljø og kulturer.
Jeg veit ikke om Astrid hadde noe motto for livet. Men kanskje var det noe slikt som dette:
Det å reise seg opp- å være blid og positiv. Eller det å være opptatt av det ho kunne klare, ikke det ho ikke kunne!
Ho fikk lungekreft med spredning, og på slutten gikk det fort. Ho kom så vidt inn i ny omsorgsbustad på Dalen, før ho brått blei sjuk og måtte få meir hjelp på helsesenteret. Der fekk ho god støtte og hjelp, når hukommelsen svikta og ho dei siste ukene kjente seg meir usikker og utrygg. Pleierane på helsesentrert var med på å trygge denne tida for Astrid. Ho begynte å vente på døden og gjorde seg klar for den. Nå var ho veldig klar for å finne ut av kva som skulle møte ho på den andre sida.
Astrid var seg sjøl helt til det siste.
Hadde fått kun kort tid å leve, synetest det gikk litt seint med å død, og spurte familien 5 dager før: Det dødsfallet, når kommer det egentlig?
Lørdag 30 november skjedde det og ho sovna stille inn.
Vi lyser fred over Astrids gode minne
Vis mer
Vis mindre